Video: Den verste orkanen

Fyste dagen i januar 1992 vakna folk på nord-Vestlandet og i Sunnylven opp til ein orkan med ein styrke som ingen hadde opplevd tidlegare. Øydeleggingane var store på byggningar og skog, og alle kommunikasjon var brote.

I Sunnylven var Hellebostad eitt av områda som fekk store øydeleggingar der fleire byggningar vart smadra til «pinneved». Det er fortalt at ein bonde hadde spreia sauegjødsla ut over bøen sin. Den sopa vinden av bakken og slengde den opp etter låveveggen som vart heilt tilklaka av gjødsla, til regnet kom og vaska det ned igjen.

Ikkje berre Hellebostad merka orkanen denne fyrste nyttårsdagen i 1992. Også mange andre stader vart det betydeleg oppryddingsarbeid rundt om i Sunnylven.
Heldig vis kom ingen personar til skade i dette uveret. Jarle Hole har sendt hellesylt.info ein film han tok opp på Hellebostad få dagar etter orkanen sine herjingar. Det minner om eit krigsområde.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380