Dagens Bilde

Eit «hjartetre» på badestranda.

Eit epletre fullt av lys og hjartefigurar i tre, punta av unge born . (Foto: Ruth Hole Aaland)

Eit epletre på badestranda fekk nyleg lyslenker og utskorne, fargelagde hjartefigurar.

Asle Ringdal ordna lys og skar ut mange tre-hjarte som han delte ut til unge i bygda. Fyrst barnehagen med sine figurar fargelagde i kvikke fargar, og så var det 1. til 4. klasse ved skulen sine tur til å pynte epletreet.

Det vart eit fint epletre med lys og trefigurar, med andre ord hjarteleg oppstasa og stadfesta av unge at badestranda er ein vakker og viktig plass i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380