Lokalnytt

Fakkeltog for frivilligåret 2022.

På Hellesylt blir det fakkeltog for feiring av all frivilligheit søndag 5. desember.

Er du frivillig, kjenner du ein frivillig eller kunne du tenkje deg å bli frivillig. 2022 er året all frivillig innsats skal feirast, synleggjerast og markerast.

Slik står å lese i kunngjeringa Stranda frivilligsentral har sendt ut i høve at dei i samarbeid med Stranda kommune markerer starten på Frivilligåret 2022 med fakkeltog i alle bygdelaga.

På FN sin internasjonale dag for frivilligheit 5. desember blir det fakkeltog på Hellesylt der alle blir invitert til å delta.

Nestleiar i styret for Stranda frivilligsentral, Marianne Fivelstad blir med på arrangementet på Hellesylt. Ho fortel om opplegget der.
-Oppmøte på Hellesylt er ved Sparebanken Møre si avd. på Hellesylt søndag 5. desember klokka 15.30. Her blir det delt ut ein del faklar til dei frammøtte.
Fakkeltoget går ei rute frå banken, over Hellesylt bro og til småbåthamna. Vi går forbi Sunnylven omsorgssenter slik at bebuarane der kan sjå toget gjennom vindauga utan å gå ut i kulden. Deretter går fakkeltoget til Hellesylt Boutique & Bar i Gatå der det blir utdeling av gratis pølse med brød til alle born, og ein kort appell ved Geir Frøysa. Kaffebaren er sjølvsagt open for innsteg og forfriskningar, seier Marianne Fivelstad.
Ho håper på vegne ar Stranda frivilligsentral og Stranda kommune at mange blir med på fakkeltog og markeringa av starten på frivilligåret 2022.

Markeringa på Hellesylt er støtta økonomisk av Gjensidige og Byrg kompetansesenter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380