Lokalnytt

Fekk rause gåver til sosiale møteplassar

Gjensidigestiftelsen ved Åsne Helene Folstad t.v. hadde med 190.000.- kroner som vart delt ut til Fjellrosa 4H og Kulturbedehuset. Vidare på bildet frå venstre ser vi Inge Bjørdal, Silje Stadheim og styreleiar i 4H-klubben Linus Frøysa. På videoveggen Anne Jorun Sæten.

Fjellrosa 4H og Kulturbedehuset i Hellesylt er to organisasjonar i Sunnylven som kunne glede seg over å få støtte frå Gjensidigestiftelsen. Torsdag kveld fekk begge overrakt dei stor «julegåvene».

Det var under ei samling på Hægstad Gård at store gåvesjekkar vart overrakt til 4H-klubben Fjellrosa og Kulturbedehuset på Hellesylt. Den rause gåva vart overrekt av Åsne Helene Folstad frå Gjensidigestiftelsen. Også næringssjef i Stranda kommune Inge Bjørdal var til stades.

For både klubbmedlemer og andre

Fjellrosa 4H får no realisert planane sine om å invitere barn og unge, både medlemmar og andre og spesielt arbeidsinnvandrarar og flyktningar til å prøve nye aktivitetar, og bli kjend.

Både styreleiar i Fjellrosa 4H, Linus og mor og klubbrådgjevar Silje Stadheim var svært lukkelege over gåva på 116.000.- kroner.
-Det var det vi søkte på og at vi fekk det er heilt utruleg. No blir det oppstart av aktivitetane vi har søkt støtte på like over nyttår, sa Silje Stadheim.

4H-klubb med aktivitetar for alle               

Grunna støtta frå Gjensidigestiftinga blir det frå januar til september fleire aktivitetar i 4H-klubben Fjellrosa som mange kan delta på heilt gratis. Det blir alt frå skidag på Strandafjellet til klatring og kunstkurs på Hellesylt.

Inkluderande aktivitetstilbod ute i distrikta er viktig for trivsel og tilhøyre, og difor vert Fjellrosa 4H si satsing støtta med gåvemidlar frå Gjensidigestiftelsen, seier kundevalt Åsne Helene Folstad. Prosjektet er tildelt kr 116 000,-.

Verdsarvutstillinga

Anne Jorun Sæten som har komponert Verdsarvutstillinga i bedehuset var med under gåveutdelinga på video. Ho kunne glede seg over ei tildeling på 74.000.- kroner.

Kulturbedehuset på Hellesylt inviterer til formidling av lokal kulturhistorie i verdsarvområdet Geirangerfjorden, med utstilling, forteljing, song og musikk til både barn, unge og eldre. Gjennom ulike arrangement til sommaren vil dei bidra til å auke kunnskapen og forståing av historia til den unike kulturarven.

Inkluderande, sosiale møteplassar med høve til innsteg for unge og eldre er nettopp slike prosjekt vi leiter etter, og vi håpar det vert til inspirasjon for andre, seier Åsne. Prosjektet er tildelt kr 74 000,-.

 Store summar i heile landet

I alt har Gjensidigestiftelsen delt ut rundt 240 millionar til prosjekt rundt om i Norge i 2021, og i Møre og Romsdal har over 50 prosjekt fått støtte på til saman 7,1 millionar, fortel områdeleiar Trine Vekseth.

 Om Gjensidigestiftelsen

Gjensidigestiftelsen jobbar for å skape gode liv i eit trygt samfunn, mellom anna gjennom å støtte eldsjeler og frivillige organisasjonar. Som ein stor og aktiv eigar i Gjensidige med 62 prosent av aksjane, er vi med på å vidareføre over 200 år med forsikringshistorie i Norge.

Frå og med etableringa i oktober 2007 og fram til og med 2021 har Gjensidigestiftelsen tildelt rundt 3 milliardar kroner til omtrent 9500 ulike tiltak og prosjekt for å fremje tryggleik og helse.

Les meir på www.gjensidigestiftelsen.no

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380