LokalnyttLokalsport

Flott skiløype etter Flofjellvegen

Det kom snø til advent slik verspåmannen Iver Hoel sa. Mange har i alle fall prøvd skiføre, også Jørgen Wollsæter etter Flofjellvegen.

Frå Vollset og fram til Skavlen ved Stigholsvatnet har Jørgen Wollsæter køyrd på skispor med traktor og løypeleggar. Han fortel om heilt nydelege forhold for langrenn i ei løype som han benyttar mykje sjøl.

Ut frå vermeldinga skal det flotte vinterveret halde seg nokre dagar til så Jørgen anbefaler alle til å ta seg ein skitur etter Flofjellvegen, heilt fram til Skavlen.
Om ein ikkje vil gå på ski går det ann å gå på beina også i hjulspora etter traktoren, seier Jørgen Wollsæter


Foto: Jørgen Wollsæter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380