Frå Solsnubading på Hellesylt klokka 19.45
Solsnubading på Hellesylt har etter kvart blitt eit kjent førjulsrituale også utanom bygda. I år var NRK Møre & Romsdal på badestranda og gjorde opptak, på TV i kveld tysdag klokka 19.45.
NRK radio, Møre og Romsdal sende eit langt innslag frå Solsnubading på Hellesylt sist søndag i morgonsending tysdag 21 desember. Det er denne dagen klokka 16.59 at sola «snur», at jorda nærmar seg den varmande eldkula både i avstand og halling.
I morgonsendinga tysdag høyrde vi journalist Øyvind Berge Sæbjørnsen gjere intervju med fleire under Solsnubadinga, og i kveld i den lokale TV-sendinga får vi sjå bilete og intervju med leiarar i HUL og fleire av dei som deltok på Solsnubading 2021. TV-sendinga startar klokka 19.45.