Hausten 2021 med hellesylt.info

Hausttakkefest i Sunnylven kyrkje

Hausten starta med Stortingsval som enda i regjeringsskifte i Norge. Bøndene fekk heim dyr frå fjellbeite og elles avslutta året med godt og roleg ver.

Den siste tida av året var ei roleg tid, mykje grunna korona-pandemien som på nytt gjorde eit sterkt inntog i slutten av året.
Her tek vi med nokre av nyheitene hellesylt.info presenterte hausten 2021.

Saniteten si veke vart markert på Hellesylt i september.

September.

I september feira Sunnylven sanitetslag hovedorganisasjonen «si veke» med folketog, talar og musikkinnslag på Hellesylt.
Vaksineringa mot covid-19 kom i gong, og i Vatnedalen i Frøysadal vart namn på eit fjell ein del diskusjon. Ramusfjellet skal framleis heite Ramusfjellet har Statens Kartverk no fått bekrefta.
I Sunnylven kyrkje var det familiegudsteneste og hausttakkefest, elevar ved Sunnylven skule engasjerte seg med opptog og plakatar mot mobbing, og Stranda-ordføraren vart ikkje ny Landbruksminister slik avisa Romsdal Budstikke foreslo.

Rikspolitikar Jenny Klinge (Sp) var på fjøsbesøk på Helest i Sunnylvsbygda, og born frå Sunnylven barnehage plukka poteter på Storstein.

I Fjellrosa 4H var det haustfest med utdeling av bevis for fullførte oppgåver

Oktober.

Det vart nokre våte dagar i oktober, men utan store flaumar og skade. Jegerane skaut bra med hjort, og julemessa vart halden på Hægstad Gård då samfunnshuset var under renovering.
Pensjonistlaget markerte eldredagen 1. oktober med artisten Olav Stedje til stades, og Ole Ringdal AS fylte alle klimarom med julemat.

Årets siste fotballkampar vart spela på Hellesylt stadion. Sesongen hadde gjeve både sigrar, uavgjort og tap for Sunnylven sine lag.
Storm Duo, Kristina Farstad Bjørdal og Asta Sofia Torgeirsdottir heldt flott konsert i Lensmannsstova.
Sunnylven Bygdekvinnelag måtte ha ekstra årsmøte for å få leiar på plass som vart Gunnhild Kvam.
Peder Hellebostad held fram som leiar i det lokale Bondelaget, og det var haustfest i Fjellrosa 4H for 13 medlemer.

Hægstad Gård vart send frå Heltre AS til Flakk Invest AS.

November.

Årets julegran på Hellesylt vart tent fyrste søndag i advent. Sunnylven skulekorps spela julesongar og folk gjekk rundt treet.
Nibbedølen Lars Helge Hanssen vann prisen som «Årets ølbryggar 2021». Ølet kalla han Stølen Stabock.

I Sunnylven kyrkje var det Salmekveld med lokale songarar og kjente salmar, og vi var på konsert med Bjørn Eidsvåg i Storfjord kulturhus. På badestranda vart det spela inn film for Helsedirektoratet om sjøbading vinterstid.
Vidar Even Leite fekk gullklokke og diplom for 30 år ved Ole Ringdal AS, og naprapat Liv Hilde Vågsæter opna opp tilbodet sitt igjen på Hellesylt.

To turistferjer, Veøy og Bolsøy la seg til ved djupvasskaia i påvente av ein ny turistsesong.
Det var premiering i fjelltrimmen til Sunnylven IL der rundt 12000 hadde registrert seg på trimpostane i løpet av året:
Og Hægstad Gård skifta eigar frå Heltre AS til Flakk Invest AS.

I Trivselshagen ved omsorgssenteret stod paviljongen ferdig og opna til korpsmusikk.

Desember.

Så var det desember, julemånad og solsnubading på Hellesylt. Der var også NRK Møre & Romsdal og laga TV-innslag frå badinga med 19 deltakarar.

Sunnylven IL avheldt sitt julelotteri, og Sunnylven skule vart vaska ned etter renovering og overlevert. Fyrte skuledag i januar blir i nye-skulen.

Paviljongen i Trivselshagen var ferdig og opna med korpsmusikk, og kulturskulen hadde sin julekonsert i kyrkja. Der var også konsert med Ytre Suløens Jassensemble og vokalist Tricia Boutte.

Gjensidigestiftelsen kom kanskje med største julegåva til Hellesylt i år, 116.000.- kroner til 4H-klubben Fjellrosa, og 74.000.- kroner til Verdsarvutstillinga i Bedehuset. Frivilligåret 2022 vart markert med eit folkerikt fakkeltog på Hellesylt, der det også var fleire adventsarrangement.i desember.
Så då var det god jul med julesnø!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380