Jervespor ved Nedstevatnet?
Ved Nestevatnet på veg mot Flofjellet vart det nyleg sett spor i nysnøen som kan vere av jerv.
Jørgen Wollsæter er ofte på tur i terrenget og måndag 29. november var det til Nedstevatnet. Der såg han ferske spor i nysnøen og han er sikker på at det var ein jerv som hadde gått der. Dyret såg han ikkje noko av.
Han tok eit par bilder som vi presenterer her. Han andre sett spor som liknar er vi sjølvsagt interessert i å høyre om det.