Julebord i Sunnylven Pensjonistlag

Det var festpynta på Hægstad Gård til juleselskap i Pensjonistlaget fredag kveld.

Vertskapet på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri hadde dekka til godt over 70 personar i kafeterian fredag der medlemer i Sunnylven pensonistlag kom til sitt årlege julebord.

.Juletreet stod grønt og pynta, julestjerner lyste i vinauga og andre frå gartneri pynta langborda saman med levande ljos. Det var jul i «stova» på Hægstad Gård då leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland ønska alle vel møtt.

-Det er godt å ha denne ventetida før jul og vente på at nokon gledeleg, at kjære skal kome heim. Men tida blir også til ettertanke for nokon som har mista ein kjær i familien, sa Astrid som kunne fortelje at ein heidersmann i laget, Knut J. Tryggestad var gått bort. Ho tende eit ekstra ljos for medlemmet som var leiar i Sunnylven pensjonistlag i mange år.

Astrid Langeland orienterte om opplegget på årets julesamlinga som hadde både programinnslag og sjølvsagt servering. Her blei det etter kvart sett fram det beste av tradisjonsjulemat, men aller fyrst var det allsong med Kristin Storstein som forsongar. Ho bidrog til vakker song også seinare i programmet. Inghild Storstein las juleforteljingar av Oddgeir Bruaset, fleire frå nabobygda Hornindal.

Håpet må få leve

Prestevikar Ann Kristin Langeland kom med den åndelege føda til festlyden.
Desember er ei travel tid og sjølv hadde ho eit tettpakka program med besøk både hos barnehagen og andre. Bodskapen denne tida var den same, men formidla på ulike måtar etter kven ho møtte, sa ho. Nyleg var ho på julesamling i Bygdekvinnelaget. Kvelden vart avslutta med Ingemann sin julesalme Deilig er jorden og der Langeland vart setjande og lytte til teksta. Har vi lov å synge den salmen? stilte ho spørsmålet. Svaret var ja, sjølvsagt har vi det sjølv om tilhøva i verda var mange og ikkje alle like bra. Det var ein julesalme med håp, eit håp vi aldri må gje slepp på, sa Ann Kristin Langeland og ønska alle ei god og fredfull julehøgtid.

Arvid B. Brevik både kåserte og song til dei frammøtte på julebordet.

Julebetraktningar

Gjestekåsør på Hægstad Gård denne dagen var Arvid B. Brevik, «tilflytta» sunnylving med familiehytte i Kjellstadlia.
Han kalla innslaget sitt for julebetraktning og myldra tankane kring jul og juletradisjonar. Det vart ei «reise» frå Jesus sin fødsel og juleevangeliet, til juletreet og kjarteljosa. Reflektert og interessant å høyre på Brevik sine betraktningar kring julehøgtida der han midt i kåseriet krydra det med å stemme i og synge eit vers av ein julesong.

Alle kunne forsyne seg frå variert og velfylte serveringsfat

Velsmakande servering

Vertskapet på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri hadde stelt i stand eit smakfullt julebord der dei frammøtte kunne forsyne seg av den beste kortreiste maten av pinnekjøt, svineribbe, pølse, kålrot, poteter og to sortar surkål. Det var utval for alle der kaffi, riskrem og karamellpudding kom til dessert.

Til slutt under julesamlinga delte Sunnylven Pensjonistlag ut gåver til fleire. Fyrst til alle medlemer som hadde feira «høg» og rund åremålsdag det siste året:
70 år:
Fredrik Helset
Gerd Helset
80 år:
Oddmund Helset
Målfrid Espe
Elsa Ljøen
Erling Ljøen
90 år:
Åge Gjørvad
Alle fekk gåvepakning med Alpepølse frå Ole Ringdal AS.

Det same fekk tre tømrarar, Amund Lien, Bjarne Sjåstad og Rune Fannemel som alle har jobba med paviljongen som skal opp på uteområdet ved Sunnylven omsorgssenter. Den blir ferdig no til jul.

Ei gåve frå Pensjonistlaget kunne også redaktøren av nettstaden hellesylt.info motta. Den var ei påskjønning for ei god og nyttig nettside om det som skjer i Sunnylven, sa leiar Astrid Langeland som overrakte alle gåver på vegne av laget.

Og dei som ikkje fekk gåver hadde sjansen til å få med andre fine ting heim. Julebordsamlinga vart avslutta med trekking av loddbøker og 40 gevinstar.
Samlinga slutta med julesalmen «Deilig er jorden».

Inghild Storstein t.v. las juleforteljingar av Oddgeir Bruaset, og Kristin Storstein song fleire vakre julesongar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380