Lokalnytt

Julemat frå Geiranger Bakeri og nissemusikk på Hellesylt

Pepperkakebygga står framleis oppstilt på Hægstad Gård. Til helga må eigarane hente dei.

Til helga blir det ope både laurdag og søndag på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri. Der er julebakst og anna julemat å få kjøpt, og i gata blir det både korpsmusikk og lotteri.

-Det blir stor julemaknad i bakevarer til helga, seier Anders Adolfsson. Han håper på storinnrykk til bakeriutsalet på Hægstad Gård/Geiranger Bakerier. Der er mange slag julekaker, og det blir sal av juletallerken, eit festmåltid av lokalprodusert mat, pinnekjøtt, pølse, poteter, kålrot og meir. Her er det berre å møte opp, på laurdag mellom klokka 11.00 – 17.00, og søndag frå klokka 13.00 til 17.00.

Pepperkakeutstilling

I lokala på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri står framleis pepperkakebyggverka som vart laga til den store Julemaknaden fyrste helg i advent. Byggmeistrane må no hente sine kreative konstruksjonar på laurdag 18. eller søndag 19. desember i opningstida ved bakeriet.

Julelotteri og nissespeling

På Hellesylt skjer også fleire ting denne helga. På laurdag er det «nissespeling» i gata ute mellom butikkane Coop og Joker, det er opning av paviljongen ved omsorgssenteret med korpsmusikk, og Sunnylven IL sel lodd på sitt årlege julelotteri.
Ta deg tid til ein pause i julestrevet og bli med på førjulsaktivitetar i Hellesylt sentrum, innafor gode smittevernreglar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380