LokalnyttLokalsport

Kristine mest fornøgd med klassisk på Gålå

Kristine Hjellbakk Hole opna sesongen på Gålå sist helg. Ho var mest fornøgd med klassiskløpet sitt. (Kristine på Gålå 2019)

Sunnylven sin gode langrennsløpar Kristine Hjellbakk Hole går i år for Lillehammer skiklubb. Ho opna sesongen med to renn på Gålå sist helg.

Kristine Hjellbakk Hole gjekk inn til 40. plass i sprint på laurdag og til ein sterke 18. plass på 5 km. klassisk søndag. Ei flott opning på sesongen mellom 70 – 80 konkurrentar i junior 19/20 år.

Eg kjende litt på nervane under opningsrennet i sprint laurdag, vedgår Kristine på telefon frå Lillehammer. Ho var ikkje heilt nøgd med resultatet på laurdag.
-Det er små marginar i sprint så alt må klaffe. Sprinten gjekk i fristil som eg lika best, men eg bomma litt på ein sving og det var nok til at eg «rasa» nedover på resultatlista, fortel ho.

Søndag vart ein langt betre dag i løypene øverst i Gudbrandsdalen. Då vart det 18. plass av 63. som fullførte.
-At det skulle gå så bra i klassisk var gledeleg og viser vel at eg har heva meg i denne stilen frå i fjor. Og så hadde eg gode ski som pappa Hans ordna. Eg fekk velge mellom eit som andre hadde smurt, men eg gjekk på det pappa ordna, fortel den lovande 19 års junioren.

No blir det nokre mindre og lokale renn framover i desember, og rundt 20. januar er NC-renn for junior. Men før den tid skal Kristine Hjellbakk Hole heim til Lillebø og feire jul saman med resten av familien

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380