Kulturskulen sin julekonsert
Eit av dei flotte førjulsarrangementa i Sunnylven er kulturskulen sin julekonsert. Med fokus på smittevern fekk hellesylt.info og nokre foreldre oppleve kulturmønstringa.
Alle elevar og dei fleste lærarar frå Sunnylven skule var til stades i Sunnylven kyrkje då kulturskulelærar Evgenii Zukov ønska vel møtt til kulturskulekonsert for elevar frå Sunnylven. Saman med to andre lærarar, Synnøve Hjellbakk Hole og Erik Torset introduserte og leia dei elevane gjennom eit variert program med mykje musikk og litt song.
Årets kulturskulekonsert hadde mange aktørar så ut frå deltakinga blømer song og musikklivet mellom dei unge minst like bra som før.
Det var piano dei aller fleste spela på, men også fele, gitar og rytmeinstrument var i bruk torsdag.
Konserten starta med dei aller yngste som alle framførte eitt eller to korte stykke på piano. Og her kom kjente julesongar som Glade jul og No tennes tusen julelys frå mellom anna Siril, Ane og Tuva Marie. Flotte innslag på piano var det også frå Sune med Pirates Of Caribbean, Marta i Fur Elise, og Ingeborg som spela River Flows In You.
Tonje spelar fele, fyrst solo i Om kvelden, og så saman med lærar
Synnøve Hjellbakk Hole fele og Evgenii Zukov piano i Himmel på jord. Tonje var også vokalist med eit ti elevar stort band i songen Tenn lys, leia av Erik Torset. I bandet var gitarist Kristen vokalist solist i Odd Nordstoga sin Ein farfar i livet.