Laga mykje fint på Juleverkstad
Småskulen og mellomsteget ved Sunnylven skule opna fyrste luke i adventskalendaren onsdag. Der stod det Juleverkstad for alle frå 1. til 7. klasse.
I staden for skrivesaker og leksebøker vart det saks, lim, målesaker og andre hjelpemiddel for elevane ved Sunnylven skule onsdag. Saman med lærarane og nokre foreldre gjekk heil dagen med til forming av mange slag julepynt og anna med julepreg. Det var med andre ord «julenisseverkstad» i heile kyrkjelydshuset, reserveskulebygget i Sunnylven det siste året.
Vi fekk sjå litt av det dei mange unge «kunstnarane» laga, men kan ikkje røpe så mykje då det sikkert skulle vere både ei overrasking eller gåve til nokon til jul.
Men nokre som kan glede seg er i alle fall småfuglane, for hos dei yngste elevane vart det produsert mange fuglematarbrett. Heilt sikkert noko fuglane blir glade for.
Som tradisjonen er på dagen med Juleverkstad stilte Sunnylven sanitetslag på også denne gongen og serverte det gode og næringsrette lunch-måltidet til elevar og andre tilsette ved skulen. Vi fretta med dei fire kjøkkendamene kva dei hadde servert, og som var mykje kortreist. Det var ferskt grovt brød med brun og kvit ost, skinke og fårepølse til pålegg. Til drikke hadde dei kokt kakao og til slutt fekk alle mandarin, eple, pære eller banan.
-Det gjekk unna og det såg ut som det smaka, for ein elev rette opp handa og fortalde at vedkomande hadde ete 11 skiver. Vi fekk skryt for måltidet, og dei var så taknemlege og høflege. Dei takka så fint for maten alle i hop, fortalde Astrid Langeland som stelte i stand det gode måltidet saman med Solfrid O. Lien, Ingebjørg S. Fivelstad og Liv Marit Hauso.