Mange innom tombola i Gamleskulen

Mange, både unge og eldre støtte og kjøpte lodd då Gamleskulen aktivitetsmuseum hadde sin årlege juletombola laurdag

Gevinstane og snurrelodda gjekk unna då Gamleskulen aktivitetsmuseum heldt juletombola fyrste laurdag i julemånaden.

Vedomnen varma godt i skulestova og rundt 30 store og små var på plass då «gamleorganisten» i Sunnylven kyrkje, Bjarne Sjåstad sette seg på orgekrakken til det gamle trøorgelet. Han var hyra til ein mini-julekonsert, og Sjåstad hadde ikkje gløymd fingerferdigheitene på tangentane. Julestemninga seig på etter kvart som dei kjente songane tona ut frå det gamle instrumentet.

Bjarne opna med Det lyser i stille grender, og deretter kom Eg er så glad kvar julekveld, Eit barn er vuggen, Eit barn er født i Betlehem, og til sist Deilig er jorden.
Mange song med, det var ei stund som skulle vart lenger, i alla fall må dette vere fast tradisjon på seinare juletombolaer.

Også snurrelodda gjekk unna og det same gjorde gevinstane. Juletombolaen var ei god støtte til drift og vedlikehald av Gamleskulen på Hellesylt.

Bjarne Sjåstad spela julesongar på det gamle trøorgelet.

 



Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380