Markerer frivilliheitsåret 2022 i heile kommunen
Søndag 5. desember er FN’S internasjonale dag for frivilligheita og startskotet for Frivillighetens år 2022 i heile landet. Stranda Kommune arrangerar fakkeltog i alle bygdelag:
Liabygda:
Oppmøte ved Langmyra kl. 17.00. Enkel servering før fakkeltoget går og avsluttar ved kyrkja der det er lysmesse kl. 18.00.
Arr: Liabygda Helselag
Geiranger:
Oppmøte ved Fjordsenteret kl. 17.00 . Fakkeltoget går via Kopane og avsluttast ved Vinje camping, rebus/quiz langs ruta.
Servering av pølse/brød under Kleivahellaren.
Arr: Geiranger IL
Hellesylt:
Oppmøte ved Sparebanken Møre kl. 15.30. Fakkeltoget går via Omsorgssenteret og avsluttar på Hellesylt Boutique@Bar
Servering av gratis pølse/brød til alle borna.
Arr: Hellesylt Ungdomslag
Stranda:
Oppmøte ved Ringstad Skule kl. 15.15. Fakkeltoget går i Ous-skogen over marka og langs med elva, over brua og til Kulturhuset
Kinoen syner familiefilmen «Fortellingen om Karl-Bertil Jonssons julaften kl. 17.00
Kulturhuset serverar varme gløgg
Gratis popcorn til borna.
Kulturhuset blir i tillegg lyssett denne ettermiddagen.
DET BLIR EIN APPELL I KVART BYGDELAG
Stranda frivilligsentral og Stranda Kommune håpar mange lag/org og andre frivillige vil vere med å feire starten på Frivillighetens år.
Husk refleks / refleksvest !
Helsing frå komiteen bak Frivillighetens år i Stranda Kommune:
Frivilligsentralen, Kulturleiar, Folkehelsekoordinator, lag/org og frivillige.