Lokalnytt

Markerer solsnu for åttande gong

I 2016 var det snøbyger under solsnubadet. I år blir det regn.

Hellesylt Ungdomslag inviterer til Solsnubading på badestranda på Hellesylt søndag 19. desember , til ein frisk dukkert i Sunnylvsfjorden uansett ver og temperatur.

For åttande gong inviterer Hellesylt Ungdomslag til Solsnubading i desember. Det er ofte mange som feirar at «sola snur»med eit sjøbad i lav temperatur, og at eit nytt solår er på veg igjen med varme og ljose dagar.
På badestranda brukar arrangøren å servert gløgg, varm saft, pepperkaker og fyre på bålpanna. Eit varmande ullteppe har også vore tilgjengeleg, og slik blir det også på søndag

Solsnubadinga er søndag 19. desember med frammøte til klokka 13.00.
–Vi hoppar i sjøen klokka 13.30 skriv HUL i invitasjonen og ønskjer alle vel møtt!
Vermeldinga for søndag melder regn og heile 7 varmegrader på land. Ein flott dag for bading i Sunnylvsfjorden for «kaldblodige».

Vintersolkverv

Den kortaste dagen i 2021 er Vintersolkverv på Tomasmesse tysdag 21. desember. Den dagen klokka 16.59 «snur sola» blir det sagt. På den nordlege halvkula står den varmande eldkula lengst vekke frå jorda denne dagen, men det kan variere med ein dag eller to frå år til år.
Etter 21. desember blir dagane stadig litt lenger. På Hellesylt lengtar desember seg med heile! 12 minutt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380