Lokalnytt

Markerte frivilligheit med fakkeltog og appell

Etter kvart talde deltakarane over 40 personar i Fakkeltoget på Hellesylt søndag.

Fakkeltoget på Hellesylt for markering av frivilligåret 2022 samla over 40 personar. I toget deltok unge frå eitt år og oppover, langt opp i pensjonsalder.

Etter oppmoding frå Regjeringa skulle frivilligdagen den 5. desember bli markert over heile landet, og i Stranda der kommunen og Frivilligsentralen var arrangørar vart det arrangert fakkeltog i alle bygdelaga. På Hellesylt deltok rundt 45 personar i denne markeringa av den viktige innsatsen, ein dugnad som eldsjeler rundt om i kommunen gjer ulønna.
-Eg er strålande fornøgd med oppslutninga, sa Marianne Fivelstad som koordinerte og delte ut faklar til alle i toget på Hellesylt.

Frå Banken til kaffibaren

På søndag og ein fin vinterkveld var ruta frå Sparebanken Møre til småbåthamna og tilbake til Boutique & Bar. På kaffibaren i Gatå var det samling med utdeling av gratis pepperkaker, saft og pølse med brød både til born og vaksne.
Og her heldt Geir Frøysa appell. Han las opp eit skriv med litt orientering om frivilligåret 2022 frå dei to tilsette ved Frivilligsentralen, Aud Tomasgard Berstad og Ragnhild Stadheim, ei markering som foregår over heile landet.


Geir Frøysa heldt ein sterk appell om frivilligheit. Her saman med Marianne Fivelstad som organiserte markeringa på Hellesylt.

Kunne snakka lenge om frivilligheit

-Då Marianne spurde om eg kunne halde ein appell kunne eg ikkje seie nei, sa Geir Frøysa. Marianne er sjøl ein av personane i Sunnylven som har lagt ned eit stort arbeid innan frivilligheit. Slike har vi også fleire av i bygda, og frivilligheit i Sunnylven kunne eg ha sakka lenge om.
Eg vil nemne noko der dugnadsarbeid har vore avgjerande for at det har blitt til. Hellesylt stadion, kyrkjelydshuset, bedehuset med Verdsarvutstilling, ei rekke lag, foreiningar og organisasjonar som Hellesylt ungdomslag med undergrupper, Sunnylven Idrettslag med undergrupper, skyttarlaget, vi har faglaga, og Hellesylt Næringslag..

«Sjå på Sunnylven»

Ofte blir det ropa på hjelp frå kommunen når nokon vil ha utbygd noko. Men sjå på Sunnylven Idrottslag og skyttarlaget kva dei gjorde når dei villa ha eit fleirbruksanlegg i Hyttehola, eller for den del Sunnylven pensjonistlag og fleire når dei ønska at trivselshagen skulle bli realitet ved omsorgssenteret. 18. desember blir paviljongen markert opna med korpsmusikk, sa Geir Frøysa og heldt fram.

Frivilligheit avgjerande

-Alt dette eg har nemt er ikkje muleg utan eldsjeler, pådrivarar innan friviljug, ulønna arbeid. Kanskje skulle vi arrangert fleire «Det store i det små»-kveldar som vi skipa til for to-tre år sidan der vi heidra personar som gjorde ein innsats for bygda, sa Geir Frøysa og heldt fram.
-Utan frivilligheit i Sunnylven hadde vi ikkje kome nokon veg. Vi er kjende for samhald og dugnadsånd, og eg håper og dei unge tek med seg dette også inn i framtida, sa Geir Frøysa i sin appell, sjølv ein person i bygda det er lett å be om ei teneste.

Mål for fakkeltoget på Hellesylt var kaffibaren i Gatå.

.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380