Lokalnytt

Musikalsk julekveld med Ytre Suløens jass-ensemble

Ytre Suløens jass-ensemble leverte ei musikalsk julegåve av dei sjeldne i Sunnylven kyrkje tysdag kveld.

Ytre Suløens jass-ensemble begeistra eit 70 talls stort publikum i Sunnylven kyrkje tysdag kveld. Med juletonar frå sju dyktige musikarar og Tricia Boutté på vokal kom julekvelden nær.

Fantastisk flotte solotonar av Sturla Hauge Nilsen på trompet opna konserten i Sunnylven kyrkje tysdag kveld, og så var ein julekonsert i jassa rytmer i gong. Det klang så flott i den gamle, høgreiste trekyrkja i over ein time i ein konserten som baud på mykje amerikansk julemusikk formiddla av dyktige musikarar i Ytre Suløens jass-ensemble og med vokalist Tricia Boutté.

Profesjonelle utøvarar leverte juletonar i gla-jassdrakt og begeistra publikum som truleg  fekk varme handflater etter mykje applaus.
Og det vart ein konsert som verkeleg svinga, for når resten av musikarane kom på både i samspel og med solistinnslag var inngangsbilletten levert

Songartisten Tricia Boutté har ei songrøyst som spenner over eit stort toneleie, sterk og klar. Å høyre henne i tolkingar av julesongar som Silver Bells, White Christmas, og Silent Night, vår Glade jul vart ei utruleg oppleving. Og solonummeret O Holy Night med Morten Gunnar Larsen ved pianoet var nok mellom høgdepunkta i konserten.

Eit begeistra publikum takka aktørane med ståande applaus, noko som enda i ekstranummer. Og kva betre avslutning kunne konserten få enn julesongen Det lyser i stille grender, på norsk med Tricia Boutté.

Musikarar:
Tricia Boutté – vokal, Sturla Hauge Nilsen – trompet, Lars Frank – klarinett, Gunnar Bech – trombone, Morten Gunnar Larsen – piano, Svein Tore Anderson – banjo, David Gald – tuba,
Kristoffer Tokle – trommer

Frå venstreGunnar Bach, Sturla Hauge Nilsen, Lars Frank. David Gald kom ikkje med på dette bilde.



Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380