Nærma seg 500 felte hjort

Fram til 13. desember var det felt 450 hjort i Stranda kommune. Då var det ei veke igjen av årets hjortejakt.

-Det ser ut som det blir 500 felte dyr i årets jakt, skriv sekretær i Viltnemnda Asle Johan Bergseth Konnerth i ein kommentar til statistikken over hjortejakta i Stranda kommune fram til 13. desember.
Den viser at jegerar har felt 450 dyr, flest ho-dyr med 269 mot 181.

Statistikken såg slik ut:
Vaksne hann-dyr    60
Vaksne ho-dyr      119
Ung hann-dyr         57
Ung ho-dyr             81
Kalv hann-dyr        64
Kalv ho-dyr            69

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380