Nissekorpset heldt julekonsert i ny paviljong.
Veret på Hellesylt var ikkje slik vi ønska det før jul, men det vart god julestemning likevel med flotte juletonar frå nissekorps både i sentrumsgata og ved Sunnylven omsorgssenter.
Det vart ein festdag på Hellesylt laurdag 18. desember sjølv om både regn og litt vind gjorde livet surt ute. Der heldt Sunnylven skulekorps i sine nisseluer julekonsertar både i sentrumsgata og ikkje minst ved Sunnylven omsorgssenter. I Trivselshagen stod paviljongen ferdig, pynta med lyslenker utvendig og med juletre inne. Det var berre å slå opp foldedøra på veggen mot omsorgssenteret og dermed kunne skulekorpset rigga seg for julekonsert i Hellesylt si nye utescene.
Julehelsing frå korpset
Konserten vart både lang og vakker med berre kjende og kjære julesongar på repertoaret. På verandaer opp over i etasjane stod bebuarar og lytta og fekk ei julehelsing vi trur dei sette pris på.
Før siste melodi helsa dirigent Trond Otto Berg til alle og ønska bebuarar og andre frammøtte ei god og fredfull jul. Berg sa at han ønska seg og alle eit nytt år fritt for pandemi og at alt måtte bli som namnet på melodien korpset ville avslutte med, Deilig er jorden.
Glad og rørt
På slutten av samlinga i Trivselshagen tok leiaren i Sunnylven Pensjonislag, Astrid Langeland ordet. Ho var rørt til tårer over at eit stort mål og ønskje om å få til Trivselshagen med paviljong ved omsorgssenteret hadde blitt realitet. Og det var ei ekstra glede at korpset kunne stille på og spele, sa ho før ho overrekte belønning frå pensjonistlaget for spelejobben, ein gåvesjekk på 5000.- kroner.
Også Ruth Hole Aaland frå pårørandeforeninga ved Sunnylven omsorgssenter takka for at Trivselshagen hadde blitt realitet, og for den fine stunda med korpset. Kva kan vere flottare enn når unge kan møter eldre og glede dei, sa ho mellom anna.
Trivselshagen ved Sunnylven omsorgssenter har blitt til gjennom privat initiativ, og den store pådrivaren på slutten vart Sunnylven Pensjonistlag. Tiltaket har kosta, men fleire har støtta opp med rause gåver og tilskot, mellom anna frå Sparebanken Møre og Stiftinga Dam. Entreprenør Egil Røyrhus har utført utbygginga av sjølve hagen og det er lagt ned fleire dugnadstimar frå private, mellom anna på paviljongen som også har blitt støtta økonomisk av Norsk Sjømat, Ole Ringdal og HT Bygg Hellesylt.
Berre ved samarbeid kan slike oppgåver løysast privat, eit tiltak som truleg har ein kostnad langt over ein halv million kroner.