Lokalnytt

Nye arrangement utover vinteren ved Hægstad Gård

Hægstad Gård/Geiranger Bakeri har stadig opne dører utover i desember.Laurdag er det julebord med dans til live musikk.

Sunnylvingar og andre har slutta godt opp om tilboda på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri. I desember held kaféen/bakeriet ope fleire dagar, og Anders Adolfsson planlegg nye arrangement ut over vinteren.

Anders Adolfsson synest at det har går bra med drifta på Hægstad Gård/Geiranger Bakeri på Hellesylt. Helga med julemarknad og tombola var rett så triveleg med mange innom dørene, seier han. Han synes lokalbefolkninga har vore flinke til å støtte opp om alle arrangement og drifta, noko han håper dei vil halde fram med.

Planlegg tilstellingar i vinter

-Ved Hægstad Gård på Hellesylt er der ikkje grunnlag for å halde ope dagleg gjennom vinteren, men vi stenger ikkje for godt. Minst ein dag i veka utanom arrangement som måtte dukke opp vil vi ha open kafeteria med sal av bakevarer.
Vi har også tankar om spesielle tilstellingar med god mat og drikke utover vinteren, og musikk eksempelvis frå lokale rockeband, seier Anders Adolfsson som ønskjer tilbakemelding frå publikum på kva dei kan tenkje seg.

Julebord med alle rettigheiter

Aller fyrst no i desember er det Julebord laurdag 4. desember. Der blir det servert det beste av kortreist julemat og drikke, og det blir dans til live musikk.
Det er framleis nokre få ledige plassar på julebordet som er eit slutta lag med alle rettigheiter for servering både på tallerken og i glas.
Alle som vil på julebord frå klokka 19.00 laurdag 5. desember må melde seg på, seier Adolfssen.

Ekte lussekattar

Ut over i desember blir kafé og bakeriutsal ope fleire dagar. På Luciadagen måndag 13. desember blir det servert juletallerken i opningstida frå klokka 10.00 til 17.00, eller til grytene er tomme. Den dagen har bakeriet også lussekattar til sals baka etter den originale oppskrifta, og i tillegg fleire andre bakevarer.

Bakeriet leverer julebaksten

Ved Geiranger Bakeri kan alle bakevarer tingast og hentast. Send gjerne melding om det til www.bestilling@geirangerbakeri.no
I desember blir det også open kafé/bakeri laurdag 18. desember mellom klokka 11.00 – 17.00, og 19. desember frå klokka 13.00 til 17.00.
-Vi håper mange kjem innom for kaffi og ein god handel på julebakst, seier Anders Adolfsson.

Sunnylvingar har slutta godt opp om drifta ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380