Notiser

Ønskjer hjelp til nedvask av renovert skule

Sunnylven skule skal snart takast i bruk, etter renoveringsarbeidet, men fyrst vaskast ned. Bildet er frå september 2021..

Det nærmar seg ferdig renovert Sunnylven skule. 14. desember skal den overleverast frå byggfirmaet, blankpussa og nedvaska.

Barbro Lade er valgt inn i styret for Sunnylven samfunnshus. Foreininga har teke på seg å vaske ned Sunnylven skule etter byggearbeidet.
-Dette gjev oss gode pengar til vår planlagde renovering, som skal gje oss det finaste forsamlingshuset i mils omkrins, skriv Barbro Lade i ein e-post til hellesylt.info

Ho fortel vidare om kva jobb dei har teke på seg å gjere:
Vindusvask
Moppvask av veggar
Tørrmopping av golv

Dugnaden skal i fyrste omgang foregå i veke 49, frå 6. desember.
No ønskjer styret i Sunnylven samfunnshus hjelp til jobben. Det er sett opp to klokkeslett, frå klokka 15.00, eller 18.00.
Men om andre tidspunkt passar betre er Barbro med «dugnadsansvarleg-hatten» som ho kallar seg open for andre tidspunkt, og legg til;

-Om det kan passe for Deg og ta i eit tak, eit par timar ein dag denne veka (49) blir eg veldig glad. Send meg ei meldig på e-post eller sms, mob. 928 96 278, skriv Barbro Lade.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380