Rekordmange deltok på Solsnubading
Hellesylt Ungdomslag inviterte til Solsnubading på Badestranda på Hellesylt for åttande år på rad søndag. På ein fin, kjøleg desemberdag hoppa heile 19 tøffe badarar i Sunnylvsfjorden. Og i år kom dei på TV.
Om det var for å varsle kaldt badevatn eller berre kalle til dukkert i Sunnylvsfjorden får stå ubesvart. I alle fall, klokka 13.30 gav to lurblåsarar frå Hellesylt Ungdomslag lyd frå taket på badehuset om at no var det klart for den åttande Solsnubading på Hellesylt. For berre om eit par dagar, tysdag 21. desember «snur» sola og kjem tilbake med lys og varme, noko HUL brukar å markere.
På badestranda på Hellesylt møtte mange, dei fleste for å sjå, men 19 unge og eldre i badedrakt hoppa i fjorden til ein noko forfriskande dukkert. Det var ny deltakarrekord, det har lege på 14 – 15 kvart år med 17 som det meste frå tidlegare.
Leiar i badehusstyret, Asle Ringdal hadde målt temperaturen på badevatnet til 4.6 grader. Litt i kaldaste laget for dei fleste vil vi tru. Men fleire oppheldt seg lenge i sjøen også denne dagen, både med symjeturar og hopp frå 5-meteren på stupetårnet. Det vart ei ny, vellukka Solsnubading der vertskapet hadde god fyr i bålpanna og baud på både gløgg, pepperkaker og meir.
Til stades under Solsnubading på Hellesylt var også journalist Øyvind Berge Sæbjørnsen frå NRK Tv Møre og Romsdal. Han gjorde filmopptak og intervju som kjem på NRK TV lokal tysdag eller onsdag.
hellesylt.info kjem med dag og tidspunkt seinare.