Romjulsorkan gjorde store øydeleggingar

Slik såg det ut på vegen i Steimsåsane 2. juledag 2011. Karane på bilde er frå venstre Knut Jostein, Kurt Erik og Alf Ole, alle Sundgot

I romjula 2011 kom ei «sint dame» inn over Nordvestlandet. Orkanen Dagmar var ein av dei kraftigaste nokon gong og gjorde store skader også i Sunnylven.

10 år etter presenterer hellesylt.info nokre bilete frå øydeleggingane etter orkanen Dagmar som kom innover området kvelden 1. juledag 2011. Mykje skog, ein campingplass og Hellesylt stadion vart totalt ramponert i det kraftige uveret. Veger var lite framkomeleg det fyrste uversdøgnet, sjølvsagt vart det straumlaust og telefonen var borte. Heldigvis gjekk det bra med folk og dyr. men også mange byggningar fekk betydelege skader. For fleire personar vart det kalde og strevsame døgn, men det gjekk bra sjølv om det vart med nokre skrubbsår og eit eit beinbrot etter uhell på eit tak.

.

.

.

 

På Hellesylt Camping såg det ut som ein krigsplass….

.

.

.

 

Og så var det Hellesylt stadion då, opna med stas og i glede sju månader tidlegare.

.

.

 

Eit granfelt på Korsbrekke, alle trea knekte som fyrstikker…

.

For Randi Sæter i Nibbedalen vart det rolege jule -og nyttårsdagar etter eit uhell på eit hustak.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380