Sal av nyttårsfyrverkeri på Hellesylt

Salg og Utleiebuda på Hellesylt kan tilby alt av stort og smått til fyrverkeriet på nyttårsaftan. Det fortel Ramazan Øcal til hellesylt.info.

I veka mellom jul og nyttår hadde Øcal sal av nyttårs-fyrverkeri i gata nær Joker/Coop på Hellesylt. -Også i år blir det fargerike «bomber» både med og utan lyd å få kjøpt her i juleveka.
Vi har det meste av festfyrverkeri, frå 10.- kroner og opp til 2.000.- kroner for dei aller største batteria, fortel Ramazan.

Han opprettar sin salsstand onsdag 29. desember med dagleg ope mellom 10.30 – 18.00 og blir å treffe så lenge lageret rekk, eller heilt fram til nyttårsaftan 31. desember klokka 16.30. Då pakkar eg i hop for denne gongen, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380