Samling i kyrkja nyttårsaftan

Det blir samling i Sunnylven kyrkje på nyttårsaftan. Om veret spelar på lag blir det fakkeltog frå Hellesylt sentrum til kyrkje, til ei gudsteneste med fleire tekstlege og musikalske innslag,

Prestevikar Ann Kristin Langeland held den siste preika i Sunnylven kyrkje dette året. Gudstenesta startar klokka 21.00 og med seg har ho mellom andre Gunnhild Marie Overvill som medverkar på orgel/piano.
Om veret tillet det blir det fakkeltog slik tradisjonen har vore frå Hellesylt sentrum. Toget brukar å gjere ein sving til Sunnylven omsorgssenter før ruta går vidare mot kyrkja.

Det har vore digital påmelding til gudstenesta og den er no avslutta. Men framleis er der mange ledige plassar, seier Ann Kristin Langeland.
-Vi har lov til å vere 50 personar i kyrkja denne gongen, opplyser ho.

Opplegget i kyrkja blir som åra tidlegare, ei fin blanding av tekslege innslag, dikt, bøner og refleksjonar, og musikalske innslag med song, piano, valthorn og fiolin.

-Vi ønskjer vel møtt til kyrkja på nyttåraftan, seier prestevikar Ann Kristin Langeland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380