Skulebygg i Sunnylven overlevert
Tysdag 14. desember vart Sunnylven skule overlevert frå hovudentreprenør til Stranda kommune etter renoveringa. Dermed kan elevar og lærar starte innflytting i eit nytt, godt og flott skulebygg.
-Det er i grunn ein heilt ny skule elevar og lærarar kan ta i bruk frå 2022. Renoveringa av Sunnylven skule starta i juni/juli i 2020 med riving, og det var stort sett berre eit betongskal som stod igjen. Elevar og lærarar starta skuleåret 20/21 i provisoriske lokale i kyrkjelydshuset på Hellesylt, og i grendahuset på Hauge. I tillegg har kulturskulen brukt eit lokale ved daglegarebutikken Coop på Hellesylt, fortel dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Tarjei Korsbrekke.
Opna i tre etapper
Frå fyrste skuledag i januar 2022 er alle ved Sunnylven skule tilbake i den nyrenoverte skulen på Hellesylt.
-Opning av skulen vil foregå i tre trinn. Tysdag 14. desember var representantar frå eigar Stranda kommune, frå skule, arkitekt, underentreprenørar og hovudentreprenør på synfaring i bygget, og det vart godkjent for innflytting.
Tysdag 4. januar blir det så snorklipping og symbolsk opning for å ta læringsbygget i bruk, og til våren blir det opningsfest der både bygdefolk og andre blir invitert.
Då Sunnylven skule/samfunnshus vart opna i 1973 var 350 personar til stades, og ordføraren sa at han håpa på like folkerik fest denne gongen, fortel Korsbrekke.
Mange arbeidstimar
Sunnylven skule har fått ein utsjånad som liknar på eit skulebygg, det har blitt eit praktbygg både utvendig og inne, og mange sunnylvingar har gjeve uttrykk for at dei synest bygget «pynta» opp i Hellesylt sentrum.
Renoveringa har kosta rundt 60 mill. kroner, mellom 15 – 20 arbeidarar har i perioder jobba på bygget, og HT Bygg har lagt ned rundt 16.000 arbeidstimar. Reknar ein inn underentreprenørar er talet nærare 30.000 timar, seier Korsbrekke.
Godt utført arbeid
Korsbrekke seier at han er utruleg glad for at HT Bygg fekk oppdraget og tilliten av kommunen.
-Spesielt positivt var det å få jobben så nær og i ein periode der Norge stort sett var nedstengt grunna den pågåande pandemien, seier Tarjei Korsbrekke. Sjølv er han fornøgd med jobben tømrarar og andre fagarbeidarar har gjort.