Sponsorar til Fakkeltoget på Hellesylt.

I referatet om arrangementet av det flotte Fakkeltoget på Hellesylt hadde det blitt utelate viktige støttespelarar.
Sunnylven sanitetslag er viktig aktør innan friviligheit i Sunnylven. Under Fakkeltoget var leiar Hilde Langlo Brekke på plass og delte ut refleksvestar gratis til alle som ikkje hadde med heimanfrå.
Ole Ringdal AS er ei bedrift som sjeldan seier nei når nokon spør om gratis pølse og andre kjøtvarer til arrangement i bygda. På søndag sponsa bedrifta med grillpølse og brød, så rikeleg at ikkje berre borna, men også dei vaksne fekk forsyne seg.
Coop Marked Hellesylt gav saft, pepperkake, og ketchup og sennep
Og så var det innkjøpet av faklar som var betalt av Gjensidige og Byrg kompetansesenter, Stranda og Europris.
