VARDEN 4H KAN FEIRE 20 ÅRS JUBILEUM.

Frå 4H- festen på Bergly. Frå v.: formannen i jubileumsåret, Per Kristian Frøysa, den første formannen Gunnar Vollset, og ho som har skrive jubileumsattersynet, Norunn Brekke (Foto: Knut Frøysa).

Varden 4H- klubb i Sunnylvsbygda er i år 20 år. Til haustfesten nyleg hadde Norunn Brekke skrive ein historikk over lagssoga. Her fortel ho at det var bondekvinnelaget i bygda som tok initiativet til skiping av 4 H- klubbar. Planen var å få i gang tre klubbar: ein i Dalen, ein i Bygda og ein i Hellesylt sentrum. Men det kjekk ikkje slik. I staden vart det skipa to klubbar i Sunnylvsbygda — Varden oppom Berga og Kvikk nedom Berga. Inspirasjon til oppstartinga fekk medlemmer og leiarar på eit møte i februar 1966, der Karl Jostein Åndal fortalde om 4H- arbeidet i fylket.

Gunnar Vollset og Solveig Sundgot vart leiarar i Varden 4H. Klubben talde 15 medlemmar fyrste året. Det møtet vart halde 12. mars 1966, og den faste møtestaden vart skulehuset på Bjørdal. Møta vart haldne ein gong kvar 14. dag. I Kvikk 4H vart Fredrik Stadheim den første leiaren med Aslaug Rørhuus- Øie som hjelpeleiar. Klubben sin møtestad var på Hauge skule.

Jonsokaftan i skipingsåret skipa Varden og Kvikk til stor jonsokfest på «Varen». Det var bål, leikar og opplesing frå ei avis som Kvikk hadde laga. Det vart også bestemt at Varden skulle arrangere juletrefest i skulehuset på Bjørdal, og dette vart seinare ein fast tradisjon i mange år framover.

Elles har arrangementa forandra karakter frå den tid og til no. I byrjinga var det jonsokfestar, juletrefestar og liknande som var populære. No i seinare tid har det blitt meir hytteturar, aktevlingar og m.a. rydding av skogsvegar. Men det store høgdepunktet for 4H- klubbane har vore haustfesten. Haustfestane har Kvikk og Varden arrangert i lag på Bergly.

KLUBBANE SLÅTT SAMAN
1 1975 vart dei to klubbane slått saman til ein klubb. Det vart då bestemt at den nye klubben skulle heite Varden 4 H. Før samanslåinga hadde Varden 10-15 medlemmar. Medlemstalet for Kvikk var størst fyrste åra. 1 1967 var medlemstalet heile 25 og i 1974 berre 10 medlemmar. Det meste etter samanslåinga var 29 medlemmar i 1983.

VARIERTE OPPGAVER
Oppgåvevalet frå klubbane starta og til no har endra seg stort. I førstninga var oppgåver med
jordbruk og skogbruk dei mest populære. Alt i 1969-70 vart oppgåver som Traktor og Fugleholkar populære. På 70- talet kom den nye aspirantoppgåva. Etter som åra har gått, har ein stadig fått nye oppgåver, og oppgåvevalet har blitt svært variert.

PREMIERINGA
Premieringa før og no har også endra seg. I førstninga var det 1 . 2. og 3. premie etter poeng. Seinare vart det berre vurdert med middels, over og under middels. Det har ofte vore problem med å få leiarar. Og ikkje har vel medlemmane alltid vore så aktive heller. Men vi får håpe det blir betre dei neste 20 åra, avsluttar Norunn Brekke sitt historiske attersyn med.

Varden 4h kan feire 20 års jubileum-faksimile

Frå Sunnylvingen november 1986.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info