Lokalnytt

Vaskar ned nyeskulen

Då hellesylt.info var innom skulen møtte vi to styreleiarar i arbeid med nedvask av støv, Marianne Fivelstad i Hellesylt Ungdomslag, og Tor Tryggestad frå Sunnylven samfunnshus. Dei venta tre, fire til litt seinare denne dagen.

Leiinga i Sunnylven samfunnshus har teke på seg å organisere nedvask av alle rom i den nyrenoverte Sunnylven skule. Dugnadsjobben blir ferdig til helga, seier styreleiar Tor Tryggestad.

Etter oppdrag frå hovudentreprenør HT Bygg Hellesylt organiserer leiinga i Sunnylven samfunnshus dugnad med å vaske over innvendig i nyeskulen på Hellesylt.

-Sjølv om alt er nytt og fint er her støv så vi vaskar over både på golv, veggar, glas og dører. Skulen må vere rein til overlevering tysdag 14. desember, seier Tryggestad. Han lovar å vere ferdig med nedvasken til helga.

Total fornying av samfunnshuset

Sunnylven samfunnshus får betalt av entreprenøren for jobben. Pengane går til finasieringa av renovering av samfunnshuset, eit fornyinsarbeid som er berekna til totalt 4.3 mill. kroner, fortel Tryggestad. Det er kome inn ein god del midlar til renoveringa og fleire tilskot er venta. Men i finansieringa er det også lagt inn ein god del dugnadsinnsats, seier styreleiaren.
I samfunnshuset med vestibyle skal det bli nye veggar og himling, det blir fornying av el.opplegg, ventilasjon og vvs, og det blir vannboren varme i golv.

Grendakveld i renovert bygg

Arbeidet med fornying av Sunnylven samfunnshus startar med riving like over nyttår. Målet er å ha alt ferdig til påske og Grendakvelden palmelaurdag 9. april.

Mange har stilt på og jobba denne veke med nedvask på skulen, frå tre fire til sju personar kvar kveld. Tor Tryggestad er godt nøgd med hjelpa folk har vist og arbeidet som blir utført.

Ljost og trekkfritt

Når det gjeld nye Sunnylven skule synest den tidlegare vaktmeisteren at det har blitt eit praktbygg.
-Skulen har fått ljose rom og her har blitt mykje varmare. Eg gjekk her som vaktmeister i mange år og kjende på trekken og såg glas dogge seg. Det er det slutt på no så entreprenøren har gjort kjempegodt arbeid, seier Tor Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380