Lokalnytt

Aktivt mållag også i eit korona-år

Leiar i Sunnmøre mållag, Ingeborg Røyrhus Øyehaug t.h. rosa bedrifter som nytta nynorsk i reklamen for produkta sine under eit folkemøte på Hellesylt i fjor haust. Her får ho blomster av Agned Havnen, Stranda Mållag.

Stranda Mållag kallar inn til årsmøte 8. februar. Møtet blir halde i Kalvehagen, Storfjord kulturhus der også fungerande leiar i Noregs Mållag er til stades.

Styret:
Anders Folkestad har vore leiar i Stranda Mållag i 2021. Han er på val kvart år. Andre i styre har vore Inge Bjørdal (på val for 2 år), Nils Einar Ringset (ikkje på val), Martine Rørstad Sand (ikkje på val), og Agnes Havnen (på val for 2 år).

Varamedlemer til styret:
1.Gunnhild Kvam
2.Roger Furset
3.Elisabeth Opsvik

Utanom faste årsmøtesaker og enkel servering blir fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre til stades på årsmøtet for å orientere om aktuelle målsaker.

Frå årsmeldinga:
Aktiviteten har til ein viss grad vore hemma av den pågåande koronapandemien, skriv styre i årsmeldinga. Laget har likevel gjennomført arrangement med god oppslutning, som ei samling i Storfjord kulturhus der «Fantefolk» frå Voss underheldt og gav innblikk i diktaren Per Sivle sitt liv.

På Hægstad Gård var det ope møte om målbruk og stadnamn. Her var også leiar i Sunnmøre Mållag, Ingeborg Røyrhus Øyehaug til stades, i lag med stadnamngranskar Odd Normann Hoff som kom med interessante innlegg til forsamlinga som talde kring 50 personar.

Saker det har blitt jobba med er fleire, som vaksenopplæring på nynorsk for innvandrarar, og ein språkbruksplan som Stranda kommune no har vedteke. Det er positivt skriv styret.
Mållaget bidreg også med god lektyre til barnehagane i kommunen. Ei kasse med kring 20 bøker og hefte på nynorsk går på omgang.

Saman med mållag i nærliggjande kommuner blir det sett søkelys på manglande tilbod av digitale læremiddel på nynorsk i skulane, noko det er ønskjeleg å endre på.

Ved årsskiftet hadde Stranda Mållag 65 medlemer, eit stabilt tal dei to siste åra, heiter det. Framover håper laget å verve enno fleire.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380