Lokalnytt

Bispevisitas med Ingeborg Midttømme

Biskop Ingeborg Midttømme t.h. på Sunnylven kyrkjelydshus i 2011, her saman med Ann Kristin Langeland som den gongen representerte Stranda kommune under besøket.

Biskop Ingeborg Midttømme med fleire kjem til Sunnylven og Geiranger 29. – 30. mars på bispevisitas. Søndag 3. april er det visitasgudsteneste i Sunnylven kyrkje.

Biskop Ingeborg Midttømme i Møre besøkte Sunnylven og Geiranger kyrkjelyd i mai 2011. I mars 2022 kjem ho tilbake, opplyser prestevikar Ann Kristin Langeland.

På Hellesylt i 2011 var biskopen innom Sunnylven skule, Sunnylven omsorgssenter, det var møte og orientering med næringslivet i bygda, og det var bedriftsbesøk på Formvac. I tillegg var det kyrkjekaffi på kyrkjelydshuset.

Det er prost i Austre Sunnmøre prosti, Svein Runde som set i hop programmet for bispevisitasen. Den blir nok hektisk då Midttømme skal rekke å besøke fleire både i Sunnylven og Geiranger på to dagar.

-Detaljar er ikkje klare enno, men truleg blir det mykje som sist ho var på Hellesylt. I tillegg til besøk og informasjon blir det fokus på ungdomsarbeid og utfordringar som dei unge har støtt på gjennom tida med pandemi, seier Langeland.
Under besøket får biskop Ingeborg Midttømme overlevert ei skriftleg melding frå Sunnylven og Geiranger kyrkjelyd, og ho skriv si visitasmelding.
Visitasgudstenesta blir halden i Sunnylven kyrkje søndag 3. april og er for alle.

Vi kjem med detaljert program for bispevisitasen når det er klart.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380