Lokalnytt

Delt 9. plass i Østlandsmeisterskap

Kristine Hjellbakk Hole deltok i Østlandsmeisterskapen for junior i Holmenkollen søndag. Det vart eit nytt godt renn i konkurranse med mange av landets beste. (Foto: H.Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, Lillehammer Skiklubb kom på delt 9. plass under Østlandsmeisterskapen i langrenn for junior søndag. Der stilte 463 gutar og jenter til start i fleire årsklasser.

Rennet, eller Oslo Skifestival foregjekk i Holmenkollen med Høybråten & Stovner som arrangør.
«Umulige» Anna Heggen frå Svea skilag vart vinnar også denne gongen i klasse K 19/20. Men sigeren var mindre enn nokon gong før, berre på 4.0 sek. føre Lyn-løpar Tuva Annie Brusveen-Jensen.

Kristine Hjellbakk Hole som representerer Lillehammer skiklubb gjekk inn til delt 9. plass med to andre, 56.0 sek. bak vinnaren.

Østlandsmeisterskapen var open konkurranse for alle juniorløparar frå heile landet. Distansen i K 19/20 var 5.0 km.

Neste konkurranse for Kristine og dei andre juniorklassene er flytta frå Voss til Åsen frå 28 – 30 januar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380