Lokalnytt

Deltok i Sparebanken Møre Cup

Emma Korsbrekke kom i mål til god tid under rennet i Valldal. (alle foto privat)

Emma og Tuva Marie Krosbrekke deltok i Sparebanken Møre Cup 7 renn som vart arrangert av Valldal IL søndag 30. januar.

Sunnylven IL skigruppe hadde med to deltakarar, Emma Korsbrekke i J 9 år, og Tuva Marie Korsbrekke i J 11år.
Jenter 9 år gjekk 1.0 km og her hadde Emma nest beste tid.
I Jenter 11 år var distansen 2.0 km. og der Kom Tuva Marie på 4. plass, berre få sekund bak sølv og bronsevinnarane i ei klasse der Molde & Omegn IL «tapetserte» heile premiepallen. Vi gratulerer til Emma og Tuva som stiller til start i langrenn og representerer klubben på ein flott måte.

At skibygda Sunnylven stiller med berre to deltakarar i eit renn i nabobygda er vel skuffande. For 10-15 år sidan var Sunnylven IL mellom dei aller største i påmelding til renn, ofte med eit tosifra tal deltakarar.
I dag har klubben gode anlegg og trenarar, men om slike tider som «i gamle dagar» kjem tilbake der mange representerer Sunnylven IL, ja det får framtida vise.

Tuva Marie Korsbrekke var beste sunnmørsløpar i si klasse under rennet i Valldal søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380