Lokalnytt

Deltok på Sonerenn i Stordal.

Laurdag 8. januar arrangerte Stordal IL sonerenn i langrenn. Sunnylven IL hadde fem løparar på start i fint, men kaldt ver med rundt -15 grader på start,

-Omlag femti skiløparar frå ulike skiklubbar deltok på langrennet som Stordal IL arrangerte på Langsætrane i dag. Ganske kaldt, ikkje minst for rennfunksjonærane. Men no kryp sola nedover, og snart når solstrålane skiløypene, skriv arrangøren.

Dei fem frå Sunylven IL fullførte sine distansar i flott stil og alle vart premierte. Det blir ikkje sett opp rangerte resultatlister i dei yngste klassene. Dei mange kuldegradane gav eit trått skiføre.

Desse representerte Sunnylven Ski -og skiskyttargruppe;

Alma Hole Flo
Henrik Hole Flo
Emma Korsbrekke
Siril Olivia Kjellstadli
Tuva Marie Korsbrekke

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380