Fall og dårleg feste gav 45. plass

Det lyste vilje over gåinga til Kristine søndag, men når utstyret ikkje er topp er det uråd å hevde seg i Norgescup på ski. (Foto: H. Hole)

NC for junior heldt fram på Åsen skistadion søndag med 10/15 km. klassisk. For Kristine Hjellbakk Hole, Lillehammer SK vart det ein skuffande dag etter den flotte 20 plass i skøyting dagen før.

Det vart lagt frå klaff med ski og snørning for Kristine Hjellbakk Hole på dagens 10 km. klassisk under NC for junior.
Rapporten til hellesylt.info etter løpet fortel at skiparet ho skulle starte med viste seg ubrukeleg på det skarpe føret. Heller ikkje eit nytt skipar som ho valde til slutt var gode. Når det i tillegg vart eit fall ute i løypa gjekk det ikkje å knive i toppen i den knallharde konkurransen som juniorklassa i Norge har blitt.

Halvvegs låg Kristine på 70. plass søndag, men gjekk seg opp til 45. plass til slutt av 106 som fullførte løpet i K 19/20.
Vinnar søndag vart Emma Kirkeberg Mørk, Drammens ballklubb, føre Anna Heggen, Svea skilag og med Marte Mikkelsplass, Bromma IL på tredje.

Det var ei skuffa Kristine etter rennet som hinka rundt med blåmerke og kjente tydeleg vis smerter etter fallet. Truleg var det ikkje større alvorlege skader, har vi fått stadfesta.

Om to veker er det NM for junior på Nes på Romerike. Vi trur langrennsjenta som tidlegare representerte Sunnylven IL er i form, så når uflaksen no er brukt opp trur vi det kan bli mykje å glede seg over i NM.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380