Frå lysande julegran til energi for varme

Tore Johnsen til venstre og Tore Løvlid har fått julegrana på lasteplanet. og klar for reisa til Strandadalen. Også den avkappa toppe kom med.

For seks veker kom julegrana på Ole Ringdals plass på Hellesylt opp. Der har den lyst betre enn noko år tidlegare, heilt til fredag 7. januar.

Trettan-dag Knut jagar jula ut, heiter det frå gamalt av. Mange ryddar julepynten bort tidlegare, andre dryger det ut over i januar.

Til fyrste helg i advent kom Stranda kommune med julegrana dei sette opp på Hellesylt slik tradisjonen er. Det var ikkje det største treet, men ei flott julegran. Den vart henta nær Ringstadsætra, fekk vi oss fortalt, og der hadde den nok stått i god jord, for den hadde vakse seg tett med kraftige nåler.

Fredag 7. januar kom Tore Johnsen og Tore Løvlid frå Stranda kommune tilbake til Hellesylt med lastebil og kran. Dei to gjorde jobben raskt og rydda godt etter seg.
I år hadde også lysa i julegrana fungert, berre nokre få lyspærer var svarte no når treet vart teke ned. Julegrana på Hellesylt skulle ut på si siste reise, til eit firma i Strandadalen der den skulle malast opp til flis. Dermed skulle treet gjere nytte ein gong til, ikkje til pynt og glede, men som energi til varmekjelder.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380