Fyrste skuledag i ny skule

Tysdag 4.januar er alle elevar og lærarar i Sunnylven samla på same skule igjen etter eit og eit halvt år i provisoriske lokale.

Tysdag 4. januar er fyrste skuledag i nye Sunnylven skule. Dagen skulle markerast med både snorklipping og på andre måtar, men på grunn av covid-19 blir alt utsett til seinare.

Rektor ved Sunnylven skule, Roar Seljeset er svært godt nøgd og nesten litt stolt over å kunne ta i bruk det flotte skulebygget. Det er HT Bygg Hellesylt AS som har vore hovedentreprenør med fleire andre firma som også har gjort at det har blitt eit flott skulebygg. Totalt er det anslått at det er gått med ca. 30.000 arbeidstimar i renovering. Og det som gjerast skulle er gjort innafor budsjetterte rammer.

Vart spurde og høyrde

Det tok nokre år før renoveringa av Sunnylven skule vart ein realitet.
-Tanken kom opp alt kring 2009 /2010, men det stranda på grunn av økonomi og finansiering. No er «maratonløpet» gjort og vi er i mål til eit kjemperesutat. Samarbeidet har vore utruleg godt heile vegen, og vi ved skule har fått vere med og kome med våre romplanar og løysingar, vi har blitt spurde og blitt høyrde. No er vi berre kjempefornøgde og gler oss til læringsdagar i nye-skulen vår alle i hop.
Det seier rektor Roar Seljeset på telefonen då vi fekk lov å «stele» litt av arbeidstida hans dagen før fyrste skuledag i 2022.

På tysdag 4. januar var det planen å markere innfyttinga i det nye læringsbygget med fleire til stades, elevar, tilsette og andre frå skuleleiing, entreprenørar, ordførar arkitektar og fleire. Dette blir altså utsett inn til vidare, men rektor Seljeset lovar at det blir ved eit seinare høve.

Utset opningsmarkering av «nye-skulen»

-Vi har fått ein ny, flott skule på Hellesylt, noko vi hadde tenkt å markere skikkeleg. Men slik blir det ikkje då pandemien framleis «lever» vidare. Sjølv om det ikkje er registrert tilfeller av covid-19 verken i Sunnylven eller hos elevar eller tilsette ved skulen har vi valgt å utsetje det heile til seinare i håp om litt mindre frykt for smittespreiing, kanskje til våren, seier rektor Roar Seljeset

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380