Gjekk inn til tredje plass på Lygna.

Kristine Hjellbakk Hole gjekk renn på Ullsheim i nyttårshelga der bildet er frå (Foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, sunnylvsjente som no går langrenn for Lillehammer skiklubb, har delteke i Lygnasæterrennet. Det vart ein sterk 3. plass mellom fleire gode juniorløparar.

Kristine Hjellbakk Hole satsar på langrenn og har slått seg ned i eit godt treningsmiljø på Lillehammer. Det var såleis naturleg å melde overgang frå moderklubben Sunnylven IL til Lillehammer skiklubb denne vinteren.

Under juleferie heime deltok ho i eit renn på Ullsheim, og søndag 9 januar vart det start i Lygnasæterrennet over to gange tre km. skøyting (6.0 km). Her gjekk ho i mål til ein flott 3. plass, og det beste resultatet så langt denne vinteren.

Vinnar av K 19/20 vart Anna Heggen, Svea skilag, 18 sek føre Synne Selberg Gjelleråsen IF. Og på tredje plass kom så Kristine Hjellbakk Hole, 43 sek. bak vinnaren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380