Lokalnytt

Gjev ut boka Habituell abort.

Stine Fuglaas Bonsaksen med boka si Habituell abort som kjem ut på Det Norske Samlaget 25. januar. (Foto: Samlaget)

Stine Fuglaas Bonsaksen, oppvaksa på Ljøen i Sunnylven er stipendiat ved NTNU. Der arbeider ho med ein doktorgrad i historie. No har ho skrive boka Habituell abort som blir lansert 25. januar.

Den fyrste boka som Stine Fuglaas Bonsaksen har gjeve ut har fått namnet Habituell abort. Den handlar om spontanabort, ei opprivande oppleving for den det gjeld.

-Eg trudde ein positiv test var bevis på liv, men det stemmer ikkje. For eget i denne diktsamlinga er det ikkje noko problem å bli gravid, -utfordringa er å halde på barnet.
For barnet blir verkeleg, nesten med det same eget ser dei to strekane på graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister gong etter gong, skriv Samlaget når dei presenterer diktboka på rundt 80 sider.

Og Stine held fram i førehandsomtalen;
-Kvifor er det så vanskeleg å bli mor når det er så lett å bli gravid? For helsevesenet er det daglegdags. For lesarane er det eit innblikk i ein situasjon mange kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller ingenting om, skriv Samlaget.

Habituell abort er betegnelsen på å ha hatt tre abortar utan å ha fullbore ein graviditet. Det er ei ærleg og opa bok Stine Fuglaas Bonsaksen har gjeve ut der ho skildrar sjølopplevde situasjonar. Frå ungdomen om korleis ho gav seg sjøl lov å kose seg med smågodt og god mat, men straffa seg på «drepande» løpeturar for ikkje å tillate vektauke, og frå det vaksne liv om ønskje om graviditet, om eit sterkt ønskje om å få sitt eige barn og om situasjonar der det mislukkast gong på gong.
-Kva tankar gjer ein seg då når ein får høyre at -ikkje bekymr deg, det var tilfeldig at det skjedde, eller uflaks, ting som skjer, skriv Stine.

Kvifor skreiv du denne boka? spør vi;
-Eg følte meg så åleine med problema, og svært få har skrive om det før. Vi snakkar for lite om det, vi burde skape meir openheit om det.
Eg snakka med andre om problema mine og møtte fleire som hadde opplevd eller viste om nokon med dei same problema. Eg trur at å snakke om det, å opne seg om det og prate ut ville hjelpe på skuffelsen for mange, seier Stine.

Familie vart til tre

I mars i fjor fekk Stine og mannen Vegard ein gut, dei vart ein familie på tre.
Dei har slått seg ned i Trondheim, og der blir dei buande, men ein skal aldri seie aldri, legg Stine til som gjerne tek ein tur tilbake til Ljøen når det høver.

Boka Habituell abort kjem ut på Det Norske Samlaget 25. januar og blir å finne i mange bokbutikkar framover. Den kan også tingast på www.samlaget.no.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380