«Gyda» har skapt få problem i Sunnylven

Ekstremveret «Gyda» råka Møre og Romsdal og Trøndelag onsdag 12. januar. Fleire fekk føle naturkrefter både som vind, skred og flaum, men i Sunnylven har det gått bra denne gongen.
Det vart mykje vatn av julesnøen i Sunnylven som smelta bort i 7 – 8 varmegrader. I tillegg til at det regna vaks bekkar og elvar seg store og fløymde over og laga innsjøar på flater. Men så langt kjenner ikkje hellesylt.info til at flaum har gjort større skader.
Også elektrisitet, telefon og internett har fungert som normalt, og alle vegar har hatt fri ferdsel. Stadheim Maskin AS har vore ute og vakta over vegane, men Jørn Stadheim melder om berre ubetydelege problem så lang. Nokre grøfter og stikkrenner tetta seg med snø og is, men skapte ikkje problem for trafikantar. Elles har det gått greitt. Og til kvelden torsdag 13. skal det roe seg med litt kjølegare ver i følgje vermeldinga, seier han.

Middelflaum
Ved ein privat verstasjon på Tryggestad hadde det dei 15 fyrste timane torsdag kome ca. 70 millimeter regn. Og ved målestasjonen ved Øie viser vassføringa 80 kubikkmeter vatn i sekundet. Det tilsvarar middelflaum for vassdraget.
Heller ikkje vinden har laga så mykje «kvalme» i Sunnylven denne gongen. Nokre rykkar har kome no og då, men det har vore verre før.


