Lokalnytt

Kaihus skal bli servicebygg for nullutslepp

Kaihuset på Hellesylt kan bli servicebygg for båtfolket. (Foto: Inge Bjørdal)

Gjennom eit KLIMASATS-prosjekt skal kaihuset på Hellesylt bli servicebygg for båtfolket med tanke på nullutslepp på Sunnylvsfjorden og Verdsarvfjorden. Nyleg var det synfaring og orientering i samband med søknad om støtte.

På synfaringa onsdag 5. januar var med fleire, Lars Etterdal og Henrik Tryggestad Koi frå Nordplan Nordfjordeid, Stig Tryggestad frå Hellesylt Næringslag, Ole Hjalmar Bonsaksen frå opplevingsselskapet Bonseye som orienterte om bruken av kaihuset i dag, og Plan og utviklingssjef Einar Lied, ordførar Jan Ove Tryggestad og næringssjef Inge Bjørdal frå Stranda kommune.

Formålet med KLIMASATS-prosjektet er ei nullutsleppshamn. Under synfaringa onsdag vart det sett på kaihuset på Hellesylt, og på ferjeturen til Geiranger vart det orientert om hydrogenfabrikk på Hellesylt, flytting av ferjekaia, og om planane (forprosjekt) for ny brygge/gjstehamn i Geiranger.

Kommunen er eigar av kaihuset på Hellesylt i dag og utnyttingsgraden av bygninga er svært låg.
Med krav om nullutslepp på Verdsarvfjorden frå 2026 er det viktig at kommunen er aktiv og legg til rette for tiltak slik at båtfolket på fjorden kan oppfylle krava som blir sett, heiter det i KLIMASATS-søknaden.

Aktuelle tiltak kan vere;
-Servicebygg til båtfolket og andre med dusj, vaskemaskin, info m. m.
-Ladeanlegg for båtar i småbåthamna, evt. Også for bil og buss.
-Tilrettelegging for utleige av fritidsutstyr, til dømes kajakkar og fiskeutstyr.
Grunderbedrifter på Hellesylt og Stranda har liten plass i dag.

Gjennomføringsplanen skal setjast bort til firma med kompetanse, med Stranda kommune/Plan og næring som prosjekteigar.

Dette er i grove trekk intensjonen som er skissert i søknaden, mellom anna for å utnytte kaihuset på Hellesylt betre enn i dag.
Stranda Hamnevesen har også stor interesse av kaiområdet både på Hellesylt og Stranda, og også småbåtlaget på Hellesylt ser på tiltak og utnytting av kaihuset som interessant, heiter det i søknaden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380