Kan bli ny god skiskyttar frå Sunnylven.
Elias Helset deltek i skiskyting Norgescup i Kaidalen på Østre Toten denne helga. Laurdag var det sprint og her vart det 32. plass mellom 65 i klassa.
Elias Helset er elev ved Stryn vgs. som han representerer saman med Sunnylven IL ski -og skiskyttargruppe under konkurransar. I helga 8. og 9. januar var han mellom deltakarane M17 i Norgescup skiskyting i Karidalen på Østre Toten.
Vi har søkt i resultatlister og funne ut at den unge juniorløparen har levert to gode konkurransar denne helga.
Laurdag var det sprint og her kom Elias på ein flott 32. plass mellom alle landets beste i klassa. Sluttida 25.28.1 var 3.18 bak vinnaren Martin Jørstad Ringli, Øystre Slidre IL. Vinnaren hadde to bom av ti skot, medan Elias fekk tre fleire denne gongen. Det verka sjølvsagt inn på sluttid og plassering.
M17 er ei stor klasse med 65 løparar som fullførte. Klassekamerat frå Stryn vgs. Eirik Stensaker Tvinnerein, Hardbagg IL kom på 11. plass.
Under fellesstart søndag gjekk det enno betre for Elias Helset. Då vart det 23. plass og 16 av 20 treff. Kanskje litt ergerleg at kamerat Tvinnereim greide å «snike» seg to plassar føre på resultatlista også i dette løpet. Men det kjem fleire renn ut over vinteren!
Totalt 62 fullførte løpet i M17.