Ny cruisebåtsesong nærmar seg
Sesongen for nye cruisebåtanløp til Geiranger og Hellesylt nærmar seg. Hanseatic Spirit kjem til Geiranger 1. februar, men snur utan at passasjerar går i land. Seinare i 2022 kjem over 150 anløp til.
Lista over cruisebåtbesøk viser at det kjem 157 anløp til Geiranger og 90 til Hellesylt i 2022. Og hamnesjef Rita Berstad Maraak er optimist.
-Vi har i dag 157 anløp på lista. Det er ein nedgang frå 2019 som var eit veldig godt cruiseår for oss, men det er likevel ein fin start på noko som var nesten heilt borte i to sesongar grunna korona-pandemien, seier Rita Berstad Maraak.
Hamnesjefen er optimist
-Vi ser at cruiseselskapa har flytta mange av anløpa i vårt område til Nordfjordeid og Måløy, og vi er spent på korleis dei vil avvikle sesongen.
Og vi er spent på kor mange passasjerar båtane kjem med og kor mange som går i land. Besøk av cruisebåtar sist haust gjekk i alle høve fantastisk godt. Båtane hadde eigne, gode smitteverntiltak ombord, og vi hadde gode på land så det gjekk veldig bra.
Men framleis har vi gåande ein pandemi og skulle det dukke opp nye variantar av viruset kan det føre til både vanskar og kanseleringar. Men eg er optimist og har tru på at vi får ein bra sesong i 2022, seier hamnesjef i Stranda KF, Rita Berstad Maraak.
Dagleg ferjeruter
Maraak gler seg også over det nye tilbodet som kom sjøvegen mellom Hellesylt og Geiranger ved nyttår. Frå 1. januar har ferja Aukra «pløgd» Verdsarvfjorden morgon og kveld fram og tilbake, og også med ein tur midt på dag etter behov.
-Når Ørnevegen er stengt og vi les i media at Geiranger er isolert så stemmer ikkje det, det er ein gedigen missforståelse. Vi kan ta ferja fram og tilbake på fjorden kvar dag heile veka. Eg håper at mange andre også nyttar seg av tilbodet og tek ein tur med Aukra for å opplev både Geirangerfjorden og bygda her på vinterstid, seier Rita Berstad Maraak.