Lokalnytt

Planlegg for nullutsleppshamn på Hellesylt

Torsdag var det synfaring og orientering om kaihus og Klimasatssøknad på Hellesylt. Frå venstre Hans Ove Venås, Suliman A.Suliman, Frank Bonsaksen og Inge Bjørdal.

Ved kaia og småbåthamna på Hellesylt skal det utarbeidast ein klimasatsplan. Hamna skal bli ei nullutsleppshamn med nytt kaihus og fasilitetar av fleire slag.

Torsdag var to studentar frå NTNU i Ålesund på Hellesylt og fekk fyrste orientering om situasjonen for kaianlegget og kva som bør kome der.
Hans Ove Venås og Suliman A. Suliman går tredje og siste året ved Høgskulen og får klimasatsprosjektet på Hellesylt som bachelor-oppgåve.
Den har fått arbeidstittel «Konsept nullutsleppshamn, Stranda – Hellesylt». Dei to studentane skal levere arbeidet innan utangen av mai i år.

Kaihus med potensiale

Stranda kommune er eigar av kaihuset på Hellesylt som no er utleigd til eit privat selskap. Utnyttingsgraden er låg, men eit kaihus her har stort potensiale både i turistsamanheng og som lokal samlingsstad.
Aktuelle tiltak kan vere servicebygg for båtfolk og andre, ladestasjonar for båt og bil, tilrettelegging for utleige av fiskeutstyr og anna, og Turistinformasjon, står å lese i Klimasatssøknaden.

Sig inn vatn

Med på omvisinga for dei to NTNU -studentane på kaihuset på Hellesylt var næringssjef i Stranda Inge Bjørdal, og Frank Ole Bonsaksen frå opplevingsselskapet Bonseye. Selskapet driv ribbåttrafikk på fjorden med to ribbåtar, ein med elektrisk motor og ein med ein «gjerrig» bensinmotor, fortalde han.

Studentane fekk god orientering om både staden Hellesylt, og om kaihuset og bruken av det. Bygget er ikkje i den beste stand lenger og ligg for lavt i høve til vegbana som går rundt. Om vinteren blir snø pløgd inn til veggane og vatn sig inn når snøen smeltar, vart det sagt.

«Svelekafe»

Selskapet Bonseye har dei siste åra leigd huset og nytta det til lager for eige selskap og for Fjord Nature, eit anna opplevingsselskap. Det rette var å rive og bygge noko nytt, sa Bonsaksen

-Kom med utkast på eit miljøvenleg kaihus i heiltre og med solcelle på taket, slo næringssjef Inge Bjørdal frampå om.
Då kom også ideen om å ikkje bygge berre eit lager, men også ein «svelekafe» med allmenne rettigheiter, og med lademulegheiter for både båt og bil.
Dei to studentane frå NTNU fekk gode innspel, men har nok ei stor oppgåve framfor seg.

Flytande bølgebrytar

Vermessig ligg kai og småbåthamn på Hellesylt utsett til for vind frå nord-aust. Dette var noko dei to studentane måtte ta høgde for i planane dei skulle lage, sa Bonsaksen. Han kom sjølv med ein ide om å anlegge ein flytande bølgebrytar av betong framfor moloen i småbåthamna.
Eit slikt anlegg hadde han sett ved Vollen Marina i Asker og vart imponert. Der var store lager, opphaldsrom og toalett i lokala under sjøoverflata, og på toppen var det tilrettelagt for opphald både for soling, kaffikos og fiske.

I mai blir løysingane og bachelor-oppgåva presentert.

Kaihuset på Hellesylt bør rivast og byggast nytt, er rådet frå dei som kjenner tilstanden.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380