Lokalnytt

Sikra Norgescup-poeng i skiskyting

Elias Helset, Sunnylven IL/Stryn vgs. gjekk to gode renn under NC Lerøy cup, best var sprinten laurdag. (Alle foto: Jørgen Helset)

I helga 22- 23 januar vart NC og Lerøy cup i skiskyting for junior arrangert. Fleire hundre skiskyttartalent deltok, mellom dei Elias Helset, Sunnylven IL/Stryn vgs. i M17-klassa.

Vi har sett på resultatlistene for laurdag og søndag for M 17:
Laurdag 22. januar var det sprint i Lerøy Cup. Her stilte Elias Helset til start saman med 70 andre i M 17 og kom på 22. plass (1-1), eit resultat som gav Norgescup-poeng.
Elias er elev ved Stryn vgs. skiskyting og var nest best av fem i denne aldersklassa frå skulen. Vinnar vart Kasper Agheim Kalkenberg, Polarsirkelen ski, (2-0)

På Kort normal på søndag starta det bra med 2-2-1 på dei tre fyrste skytingane. Men på den fjerde vart det 4 bom som til slutt gav 50. plass og sju minutt bak. Vinnar søndag vart den same som på sprinten dagen før.

Konkurransane denne helga foregjekk på Fet skistadion ved Lillestrøm. På veg heim til vestlandet nådde vi far Jørgen Helset på telefon i Skjåk.
Han kunne fortelje at den unge skiskyttaen var godt fornøgd med resultatet på laurdag. Det var det andre rennet der Elias samla seg Norgescup-poeng som er viktig å få med då dei tretti med flest poeng får vere med på avsluttande Norgescup i Vik i mars/april.
Resultatet på normalen søndag var han meir misfornøgd med, der klaffa ikkje skytinga som han håpa på.

Om rundt to veker er det nytt renn og lang reise til Målselv, ei reise og deltaking som tek fleire dagar å gjennomføre, fortel Jørgen Helset. Og seinare i vinter er det nytt renn i Brummunddal.

Tre klassekameratar frå Stryn vidaregåande skule i M17 som alle satsar hardt på skiskyting. Framme Erik Stensaker Tvinnereim, Hardbagg IL, til venstre bak Elias Helset Sunnylven IL, og Heine Gjerald, Eldar IL.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380