Lokalnytt

StikkUT vinter i gong.

StikkUt-posten i lysløypa i Hyttehola har no rett kode for registrering, opplyser Hans Hole i Sunnylven IL

StikkUt ski er i lysløypa i Hyttehola, og to andre postar, StikkUt vinter finn ein på Ljøsætra og på Ljøkaia.

Vi har fått oppdaterte opplysningar om StikkUt-postar i Sunnylven.

Sunnylven IL har StikkUt-post i lysløypa i Hyttehola. Posten kom for eit par år sidan og ligg i enden mot Røyrhus. I Hyttehola blir løypene køyrde opp når der er snø og skisenteret har stor parkeringsplass som ligg nær fylkesveg 60. Her kan alle, også reisande stoppe på og ta seg ein «StikkUT! ski»-tur.

I tillegg er det to andre postar i Sunnylven, på Ljøkaia og på Ljøsætra. Vintersesongen varer frå 15. desember til andre påskedag som i år er 18. april.

Skituren startar ved parkeringsplassen i Hyttehola, der står eit «StikkUT! ski» -skilt. Der i frå er det ned bakken til høgre for garasjen til lysløypa. Turen går så i retning mot fylkesgrensa til enden av lysløypa, og her registrerer ein seg med app og kode som er to tal og to bokstavar. Om der er bok kan ein skrive seg inn i denne. Heile turen er ca. 3.3 km.

Sunnylven IL har investert i GPS til trakkemaskina slik at alle kan gå inn på www.skispor.no og følgje med på kvar og når løypene blir køyrde opp.

Eller sjå på https://loyper.net/#sunnylven/13,6.78852,62.05015, finn din skiklubb/skisenter og finn ut når løypene var oppkøyrde sist. Fargen avgjer gjerne kor lenge det er sidan. Grøn farge og løypene er preparert no, svart betyr at det er fleire dagar/veker sidan. Kanskje manglar snøen også.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380