Lokalnytt

Sunnylven kyrkjelydshus blir pussa opp innvendig

Åse Helen Stadheim t.v. og Ann Kristin Langeland pussar opp på kyrkjelydshuset. Seinare håper dei å få hjelp når storsalen skal målast.

Dei var i gong med å måle rom i Sunnylven kyrkjelydshus, prestevikar Ann Kristin Langeland og kyrkjelydssekretær Åse Helen Stadheim. Om få dagar skal dei begge flytter tilbake til kontor der etter at skulen har flytta ut.

Hellesylt.info stakk innom kyrkjelydshuset på Hellesylt for ein liten prat med dei to målardamene. Dei var i gong med kost og målarrull på dei minste romma, det som skal bli kontor for prestevikaren og kyrkjelydssekretæren igjen. Også det tredje av dei små romma i fyrste høgda skulle målast og nyttast til møterom, fekk vi oss fortalt.

-Sunnylven skule har nytta heile Sunnylven kyrkjelydshus som mellombels skule sidan hausten 2020. No er elevar og lærarar tilbake i nyrenovert Sunnylven skule og kyrkjelydshuset skal takast i bruk til samkome som møter og minnesamvær.
Det var veldig kjekt at skulen har vore her og dei har oppført seg fint i huset. No er vi glade for at dei har fått ny, renovert skule og at vi har fått tilbake kyrkjelydshuset, seier Ann Kristin Langeland.

Utanom golvbelegg i gangen som skal skiftast er det berre sparkling og måling av veggar innvendig som skal gjerast. Ann Kristin og Åse Helen håper at dei får hjelp av fleire med arbeidet. 2022 er frivillihetens år noko som gjev dei trua på at fleire stiller på med kost og målarrull når det er klart for dugnad når heile storsalen skal målast.

Romma i andre høgda skal vere Fredagskafe, og her skal ungdomane få bestemme fargar sjølve med visse atterhald, seier Langeland. Ho håper at ungdomen kan hjelpe med måling, for når det er ferdig skal dei til aktivitet i «gamle» lokale igjen, frå kyrkja der dei har vore det siste året.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380