Lokalnytt

Sunnylven skyttarlag med morsdagslotteri

Sunnylven skyttarlag inviterer også i år til morsdagslotteri med digitalt loddsal. Prisen pr. lodd er berre 5.- kroner, og gevinstane er marsipankaker, skriv styret.

I ei melding til hellesylt.no skriv styret at på grunn av den pågåande pandemien blir sal av lodd til Sunnylven skyttarlag sitt tradisjonelle morsdagslotteri også i år gjennomført som i fjor, digitalt med SMS på telefon og betaling gjennom vipps eller i bank. Dette for å unngå unødvendig nærkontakt gjennom salet.

Slik kan du delta i lotteriet: 

  • Ring eller send ein SMS til Ola Vangen (tlf. 94435850) med antall lodd du ønskjer å kjøpe og kva namn som lodda skal førast på.
  • Betal for lodda gjennom VIPPS eller via bank.
  • Pris pr. lodd er kr. 5.- Salet er starta!

VIPPS-nummer til skyttarlaget: 616035
Bankkonto til skyttarlaget: 3974 20 13379   

Fristen for å kjøpe lodd er sett til laurdag 12. februar kl. 11.00. Trekninga blir gjennomført same dag og vinnarane blir kontakta. 

Premiane er som vanleg marsipankaker. 

 

  

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380