Sunnylvscup på ski i gong

Det var flotte forhold med mange deltakarar under det fyrste rennet av Sunnylvscup på ski 2022.

Skianlegget i Hyttehola var pynta i flott vinterskrud då Sunnylvscup på ski 2022 starta opp ti dagar ut i januar. Fyrst ut i løypene gjekk dei aller yngste og andre utan tidtaking, og til slutt dei som gjekk på tid.

I alt 49 unge løparar hadde leita fram skiutstyret og stilte til start. Størst var deltakinga mellom dei aller yngste, men også fleire skuleklasser hadde god deltaking. At mange valde å gå utan tidtaking i det fyrste rennet skuldast kan hende lite skitrening så langt i vinter. Forholda i lysløypa var i alle høve gode sjøl om det ikkje er store mengder snø i området enno.

Her går starten for dei yngste med tidtaking. Og som så mange, mange gonger før var startar Hans Hole og tidtakar Gisle Aaland på plass også i år.

Her tek vi med namn (manglar etternamn) på alle som deltok i det fyrste rennet av Sunnylvscup på ski 2022, og urangerte lister over dei som gjekk på tid:

7 år og yngre:
Vetle, Marte, William, Trym, Vilde, Teodor, Lone, Magnus, Inge, Oliver, Kaspian, Gabrielle, Jonas, Aksel, Jeshan, Henrik, Alma, Saga Emilie, Torjus, Aline, Filip, Leonard, Sakarias.

  1. klasse, ¼ runde:
    Emma 7.54, Sofia.
  2. klasse, ¼ runde:
    Erle, Ane 11.44, Fredrik 7.27, Sofia Kristina

5.klasse, ½ runde:
Tuva 8.45, Kai Adam 14.09, Therese 11.33, Jakob 14.10, Siril 8.44

  1. klasse:
    Tora, Elias
  2. klasse, 1/1 runde:
    Sune, Kristen, Oskar 11.45, Sander, Ari, Olivia, Ingeborg, Marta.
  3. klasse, 1/1 runde:
    Trym 12.27
  4. klasse, 1/1 runde:
    Kristin, Tonje 13.54, Johannes 13.23, David

    Oskar Ringdal t.v. og Trym Helset gratulerte kvarandre med gode tider etter målgang..

    Tonje Støverstein t.v. og Johannes Friestad var dei to eldste på start i det fyrste cuprennet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380